Utvikling av statlege tilskot til ideelle og frivillige organisasjonar 2021-2024
Gjennom tilskudd.no har vi fått god innsikt i statens tilskotsordningar og tildelingar til ideelle og frivillige organisasjonar. Her finn du dei viktigaste utviklingstrekka.
- Ein periode med ekstraordinære tilskot
- Momskompensasjon og spelemidlar bidrar til vekst i tildelingar
- Bruk av enkelttildeling og tilskotsordning
- Vekst i driftsmidlar
Sist oppdatert
Ein periode med ekstraordinære tilskot
Dei to første åra av perioden var prega av ekstraordinære tildelingar knytt til koronapandemien. Fleire krisepakkar og støtteordningar blei oppretta for å hjelpe frivillig sektor gjennom pandemien. Dei største ordningane blei forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet. Andre eksempel på tildelingar knytt til koronapandemien er informasjonstiltak for innvandrerbefolkningen i regi av frivillige organisasjoner, frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre og stimuleringsprogram for helsefrivilligheten. Over 1,9 milliardar kroner blei tildelt i covid-støtte i 2021-2022.
Tar vi med tal frå 2020 blei det utbetalt totalt 3,7 milliardar kroner i koronastøtte til idrett og frivilligheit frå Lotteri- og stiftelsestilsynet i perioden 2020-2022.
I 2022 kom ei midlertidig straumstøtteordning for frivillige organisasjonar som eit resultat av auka straumprisar. Over 400 millionar kroner er utbetalt i straumstøtte i perioden 2022-2024. I diagrammet under kan du sjå utvikling i tildelingar frå covid -19-ordningar og straumstøtteordninga.
Ideelle og frivillige organisasjonar fekk rundt 50 millionar kroner i tilskot til integreringsarbeid for Ukrainske flyktningar i 2022. For eksempel ordningar frå IMDi og Norsk Musikkråd. Prosjektskildringar viser også at meir generelle tilskotsordningar gjekk til prosjekt relatert til Ukraina-krigen, som veldedighetskonsertar. Det blei oppretta fleire organisasjonar som jobba med støtte til Ukraina, og midlar frå Grasrotandelen til desse organisasjonane auka frå rundt 100 000 til 400 000 i perioden 2021-2024.
Dei største statlege utbetalingane til organisasjonar i samband med krigen i Ukraina blei delt ut via Nansenprogrammet til Norad. Rundt 3 milliardar kroner gjekk gjennom norske ideelle og frivillige organisasjonar. Desse utbetalingane ligg ikkje på tilskudd.no.
Momskompensasjon og spelemidlar bidrar til vekst i tildelingar
Totale årlege statlege tilskot er om lag uforandra i perioden 2021-2024. Utdelingane i 2024 er på nivå med utdelingane i 2021, på rundt 15 milliardar kroner.
Momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar og spelemiddelfinansierte tildelingar (blant anna LAM-tilskot til lokale lag og foreiningar og Grasrotandelen til Norsk Tipping) er store og viktige ordningar for ideelle og frivillige organisasjonar. Desse tildelingane har hatt ein jamn vekst i perioden 2021-2024.
Merk at andre tildelingar var spesielt høge i 2021 på grunn av ekstraordinære tilskot under koronapandemien. Variasjonane i andre tildelingar i perioden 2022 til 2024 skuldast i hovudsak enkelte manglar i forvaltarar si rapportering til tilskudd.no. Dersom ein justerer for koronastøtte og desse manglane, er veksten/endringa i andre tildelingar beskjeden/liten.
Bruk av enkelttildeling og tilskotsordning
Tilskot kan delast ut gjennom søknadsbaserte tilskotsordningar og gjennom tildelingar direkte til enkeltorganisasjonar (enkelttildelingar). I 2024 var det registrert 330 enkeltildelingar og 126 tilskotsordningar på tilskudd.no. Talet på enkelttildelingar og tilskotsordningar har halde seg relativt stabilt i perioden 2021-2024.
I 2024 blei det delt ut 2,8 milliardar kroner gjennom enkelttildelingar og 12 milliardar kroner frå tilskotsordningar. Veksten i totale utdelingar til ideelle og frivillige organisasjonar (omtalt ovanfor), har i hovudsak kome frå tilskotsordningar og ikkje enkelttilskot.
Vekst i driftsmidlar
Vi har også oversikt over kva ordningar som er driftsmidlar og kva som er prosjektmidlar, eller ein kombinasjon. Vi ser ein tydleg vekst i driftsmidlar i perioden 2021-2024.
Diagrammet viser ein nedgang i prosjektmidlar. Hovudårsaka til det er at ordninga for sivilt samfunn ikkje er med i datasettet for 2023 og 2024. Ser vi vekk frå det er det i realiteten ein liten vekst også i prosjektmidlar.