Gå til hovedinnhold

HjemPersonvernerklæring

Personvernerklæring

I arbeidet med mange av oppgåvene som Lotteri- og stiftelsestilsynet har ansvar for behandlar vi opplysningar om enkeltpersonar (personopplysningar). Denne personvernerklæringa gir informasjon om korleis Lotteri- og stiftelsestilsynet samlar inn og brukar personopplysningar om deg som brukar.
  • Publiseringsløysing for tilskotsforvaltarar
  • Nyheitsbrev til tilskotsforvaltatarar
  • E-postabonnement på oppdateringar
  • Informasjonskapslar

Sist oppdatert

Publiseringsløysing for tilskotsforvaltarar

Tilskotsforvaltarar får tilgang til å publisere tilskot i løysinga ved at verksemda du jobbar i, gir deg tilgang i Altinn. Når du har fått tilgang i Altinn og loggar på tenesta, må du registrere deg i tilskudd.no med namn og e-postadresse frå verksemda di. Vi brukar denne informasjonen til å ha oversikt over kven som publiserer tilskot i løysinga og kva for endringar som blir gjort. I tillegg brukar vi e-postadressa til varslingar til tilskotsforvaltar om viktige oppgåver og informasjon.
Vi deler ikkje opplysningane med andre.

Nyheitsbrev til tilskotsforvaltatarar

Lotteri- og stiftelsestilsynet sender ut nyheitsbrev per e-post. Dei som ønsker å abonnere må registrere seg med e-post, og eventuelt namn og informasjon via eit påmeldingsskjema. E-postadressa blir lagra i ein eigen database som er drifta av databehandlaren vår Make AS. Den blir ikkje delt med andre og blir sletta når du melder deg av nyheitsbrevet.
E-postadressa blir også sletta dersom Lotteri- og stiftelsestilsynet får tilbakemelding om at den ikkje er aktiv. Du kan melde deg av ved å trykke på lenka for dette i nyheitsbrevet eller ved å kontakte oss. Lotteri- og stiftelsestilsynet behandlar personopplysningane fram til du melder deg av nyheitsbrevet.
Behandlingsgrunnlaget for behandling av e-postadressa di i tilknyting til nyheitsbrevet vårt er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a, altså samtykke. Du kan når som helst trekke samtykket tilbake ved å melde deg av nyheitsbrevet. At du trekker samtykket ditt vil ikkje påverke lovlegheita av behandlinga av personopplysingar som skjedde før du trekte samtykket tilbake.

E-postabonnement på oppdateringar

I tenesten tilskudd.no kan du abonnere på varsel om endringar og oppdateringar i tilskotsordningar. Når du registrerer deg som mottakar av slike varslar må du oppgi e-postadressa di. Vi lagrar e-postadressa di slik at vi løpande kan varsle om endringar. I alle varsel du mottar på e-post, får du val om å avslutte abonnementet. Viss du avsluttar abonnementet, slettar vi e-postadressa di og all informasjon om kva for tilskotsordningar du har abonnert på.

Informasjonskapslar

Vi har ikkje samtykkeerklæring på tilskudd.no fordi vi brukar berre nødvendige infomasjonskapslar (cookies).
Til nettstatisikk brukar vi Matomo utan infomasjonskapslar (cookies). Når vi slår av informasjonskapslar teller vi berre besøk utan å spore deg som enkeltperson. Då treng du heller ikkje samtykke til dette.
På fleire informasjonssider på nettstaden vil du finne ein funksjon kalla «Fann du det du leitte etter?» som kan brukast til å gi tilbakemelding. Tilbakemeldingane blir brukt til å forbetre innhaldet og brukarreisa på nettsida. Vi kan ikkje spore kven som har gitt oss tilbakemeldingar.

Fant du det du lette etter?