Kva er ein ideell og frivillig organisasjon
Kva som blir rekna som ein ideell eller frivillig organisasjon, vil variere i ulike samanhengar.
- Slik identifiserer vi ideelle og frivillige organisasjonar
- Frivilligregisteret som kjelde
- Sektorkode 7000 i Einingsregisteret
- Om frivillig innsats
Sist oppdatert
For å sikre frivillige organisasjonar sin frie og sjølvstendige posisjon i samfunnet har ikkje staten gitt ein endeleg definisjon av sektoren. Når vi skal lage nøkkeltal og statistikk på tilskudd.no brukar vi kjenneteikn for å avgrense kva som er ideelle og frivillige organisasjonar.
Slik identifiserer vi ideelle og frivillige organisasjonar
- organisasjonen har sektorkode 7000 - Ideelle organisasjonar i Einingsregisteret, eller
- organisasjonen er registrert i Frivilligregisteret, jf. Lov om register for frivillig virksomhet § 3
Ved presentasjon av nøkkeltal over tildelingar er vi avhengig av registeropplysningar. Kombinasjonen av Frivilligregisteret og sektorkode 7000 gir eit godt registergrunnlag for å identifisere ideelle og frivillige organisasjonar. Dette er også i tråd med fleire av dei andre definisjonane du finn av ideelle og frivillige organisasjonar, som blant anna definisjonane til Frivillighet Norge og Statistisk sentralbyrå. Kjernen er at dei ikkje har forteneste som formål, og at dei ikkje er organisert av det offentlege.
Frivilligregisteret som kjelde
Den viktigaste registerkjelda for ideelle og frivillige organisasjonar i Norge er Frivilligregisteret. Ved inngangen av 2025 var det i overkant av 70 000 organisasjonar registeret i Frivilligregisteret. Registrering er frivillig for organisasjonane, men mange statlege tilskotsordningar stiller i dag krav om registrering for å få tildelt midlar. Dette er også i tråd med Stortinget si anbefaling i oppmodingsvedtaket, der Stortinget oppmodar til å forsterke og utvide arbeidet med Frivilligregisteret. Blant anna slik at informasjon frå registeret skal danne grunnlag for alle statlege tilskotsordningar.
Sektorkode 7000 i Einingsregisteret
Det finst organisasjonar som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, men som likevel blir rekna for å vere ein ideell og frivillig organisasjon. Blant desse finn vi organisasjonar som ikkje har registreringsrett i Frivilligregisteret, for eksempel pengeutdelande stiftelsar og samvirkeføretak. I tillegg kan det vere organisasjonar med registreringsrett, men som av ulike årsaker ikkje har registrert seg i Frivilligregisteret. For eksempel fordi dei ikkje søker på statlege tilskotsordningar.
For å dekke desse har vi i kjenneteikna på tilskudd.no inkludert alle organisasjonar i Einingsregisteret som er registrert med sektorkode 7000 – ideelle organisasjonar. Ved inngangen av 2025 var det nesten 130 000 organisasjonar med denne sektorkoden.
Figuren nedanfor viser at organisasjonar registrert i Frivilligregisteret i stor grad har sektorkode 7000. Ved å kombinere både sektorkode 7000 og Frivilligregisteret får vi likevel inkludert nokon organisasjonar som ikkje har sektorkode 7000, men som likevel ofte blir omtala som ideelle og frivillige. For eksempel klubbar i toppfotballen og aksjeselskap med ideelle og frivillige organisasjonar som eigarar.

Om frivillig innsats
Frivillig innsats, er eit vanleg kjenneteikn på ideelle og frivillige organisasjonar. På tilskudd.no er ikkje frivillig innsats ein del av kjenneteikna, og her finn du derfor organisasjonar både med og utan frivillig innsats.
Det finst ikkje tilgjengeleg registerinformasjon om frivillig innsats. For å illustrere mangfaldet av ideelle og frivillige organisasjonar har vi utvida figuren med organisasjonane som deltek i momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar og Grasrotandelen til Norsk Tipping.

Organisasjonane som får momskompensasjon og grasrotandel utgjer til saman omlag 45 000 organisasjonar. Begge ordningane har krav om frivillig innsats. Her finn vi mellom anna kor, idrettslag og korps. Alle organisasjonar i desse ordningane er registrert i Frivilligregisteret.
Utanfor desse to gruppene finn vi i større grad organisasjonar som i mindre grad har frivillig innsats, som velferdsaktørar (for eksempel sjukehus, sjukeheimar), einingar innan utdanning (for eksempel høgskular og studentsamskipnadar) og arbeidstakarorganisasjonar.
Figuren viser til at det samla er rundt 130 000 ideelle og frivillige organisasjonar. Blant dei som ikkje får momskompensasjon og grasrotandelen ligg det likevel ein del organisasjonar som ikkje er aktive i dag. Det nøyaktige talet aktive ideelle og frivillige organisasjonar er derfor vanskeleg å estimere.